Ventar du på siste byggetrinnet på Lerum Brygge – det nærmar seg no!
Salet av leilegheiter på Lerum Brygge har gått mykje betre enn forventa, noko vi i prosjektorganisasjonen sjølvsagt set stor pris på. Dette syner at dei kvalitetane som me har lagt inn i prosjektet, både med omsyn til arkitektur og uteareal er blitt godt mottekne av dei som har vore ute etter ny bustad her i Sogndal. Vi er her svært tilfreds med arbeidet som arkitekt og landskapsarkitekt har tilført i utviklinga av Lerum Brygge – Arkitektkontoret 4B og Norconsult.
Me vonar de er spente på kva innhaldet i Blokk C vil være – vi kan her nemne;
- Hovudbygget er på 5 etasjar – trappast ned til 3 etasjar mot Dampskipskaien
- 27 leilegheiter med storleik frå 35 til 98 m2
- 10 stk. 2R (1 soverom) leilegheiter
- 15 stk. 3R (2 soverom) leilegheiter
- 2st. 4R (3 soverom) leilegheiter
- Felles takterrasse med gode utsikts og soltilhøve
Nedanfor visast eksempel på nokre av leilegheitene me har i Blokk C;
2R leilegheit på 46 m2:
- Romsleg og god leilegheit – to fløya balkongdør som på ein god måte opnar opp stoveveggen slik at du får det ute med deg inn i stova – god romfølelse
3R leilegheit på 54 m2:
- God og arealeffektiv leilegheit med 2 soverom
- Høgre skyvedører inn til soverom enn vanleg gir god romfølelse
3R leilegheit på 79 m2:
- Stor balkong
- God og romsleg leilegheit med store vindaugsflater mot fjorden
3R leilegheit på 75 m2
- God og romsleg leilegheit med store vindaugsflater mot fjorden
- Fin balkong med utsikt mot Loftesnes og Dampskipskaien
Kva så med framdrift på byggeplassen
I Veidekke Entreprenør har vi ein trygg og god gjennomfører av prosjektet. Blokk A skal ferdigstillast no i haust, Blokk B ferdigstillast sommaren 2023.
Bygga reiser seg – bilde teke i mars månad – i dag er betongarbeida i Blokk B komen opp i 4. etasje
Her skal det bli godt å bu og å «leva» det gode livet ved fjorden!
Det kan gleda dykk til prospektet for Blokk C blir lagt ut – her vil det være leilegheiter for dei fleste!
Dersom de har spørsmål kan de ta kontakt med Meklarhuset Sogn:
Jan Rune Årøy
Tlf: 950 44 240
Mail: jan.rune@meklarhuset.no
Olav Skjeldestad
Tlf: 905 64 525
Mail: olav@meklarhuset.no
Bjarte Haugen
Tlf: 948 56 528
Mail: bjarte@meklarhuset.no