Opning av fjordsti og bryggjekaia på Lerum Brygge
Kaien på Lerum Brygge er tenkt som eit samlingspunkt for lokalbefolkninga, bebuarar og tilreisande. Kaia er utstyrt med fleire badestigar, båtbryggje og eit flott amfi der folk kan setja seg ned. Ved amfiet er det også lagt til rette med straum og juletrefot slik at det her kan holdast mindre hagekonsertar samt tilstelling i samband med tenning av juletre
Me håpar dette skal bli eit samlingspunkt. Det er noko med å ha skapt møteplassar og at folk får lyst å koma og setta seg ned og nyta livet ved fjorden. Det er dette som er viktig og som heile vegen har vore tanken bak utviklinga av uteareala for Lerum Brygge, sier Leif Henning Øyre, prosjektleder på Lerum Brygge.
Varaordførar Vibeke Johnsen var invitert og kutta bandet under opninga av kaien og fjordstien forbi Lerum Brygge. Mange hadde møtt opp for å få med seg opninga. Mellom anna mange barn frå ein barnehage som hadde mykje morosamt med dei nyoppsette leikeapparata.
Prosjektet med Fjordstien har gått over mange år i Sogndal og det er til stor glede for alle i Sogndal at denne no blir ferdigstilt.
Det er rett og slett gull for Sogndal! - sier varaordførar Vibeke Johnsen.
Prosjektleiar Leif Henning Øyre er glad dei saman med entreprenøren Veidekke kasta seg rundt og fekk til opninga av Fjordstien med bryggjekaia i år slik at folk kan kosa seg her i sommar, sjølv om stien og kaia eigentleg ikkje skulle vera klar før til neste år. Arbeidet på tomta vil halda fram. Blokk B ferdigstillast denne hausten og C-blokka til neste sommar.
For meir om Nordr sitt byggeprosjekt på Lerum Brygge – det gode liv ved fjorden, sjå prosjektets bustadveljar her.