Korleis vil det vere ved innflytting?

2020-02-12
Lerum Brygge og Nordr er svært opptekne av at dei som kjøper leilegheit i blokk A ikkje skal bu på ein byggjeplass når dei flytter inn i leilegheita si.

Blokk A har fasade mot elva. Utearealet mot elva og rundt blokka vil bli heilt ferdig ved innflytting. Kaien framfor blokka vil også vere ferdig.

Vi har starta prosjektering av neste byggjetrinn, Blokk B, og vi har som målsetting at det meste av utvendig arbeid på blokk B vil vere utført når det er innflytting i Blokk A.

Det betyr at store delar av utearealet mellom Blokk A og Blokk B, og arealet mellom Blokk B og sjøen vil vere ferdigstilt ved innflytting av Blokk A.

Du kan difor gle deg til å sitje på det flotte amfiet, sjå ut på fjorden og nyta det gode livet på Lerum Brygge.