Har du venta på neste byggetrinn? No skjer det!
Blokk B består av 45 leilegheiter med storleik frå 34 m2 til 131 m2. Her finn du både spennande studioleilegheiter samt leilegheiter med 1, 2 eller 3 soverom. Her er leilegheiter som vil stetta dei fleste sine behov.
Det har vore kjekt og spennande å utvikla Lerum Brygge vidare, vi som arbeider med prosjektet er særdeles tilfreds med slik både Blokk A og B står fram i dag. Endringa av utbygginga der vi i staden for 4 blokker bygger 3 blokker, har vore eit godt grep for å skapa eit best mogleg prosjekt.
Når du kjøper leilegheit på Lerum Brygge får du ikkje berre leilegheita, du får også dei gode uteareala mellom blokkene og ved fjorden. I utviklingsfasen har vi hatt stort fokus på at «livet» ikkje berre skal levast godt inne i leilegheita, det skal også levast godt utanfor denne.
Kvifor Blokk B allereie no?
Vi har hatt eit utruleg godt sal av Blokk A der vi no har selt 95% av omsetningsverdien og kun har 5 leilegheiter att. Då vi har fått mykje tilbakemeldingar på at det er fleire som ventar på Blokk B som neste byggetrinn, har vi hatt fokus på å utvikle denne slik at vi kan ha sals start på denne no i vår.
Korleis vil sals starten gjennomførast?
Sals starten vil bli gjennomført slik som for Blokk A, prosessen vil her bli som følgjer;
Dei fleste leilegheitene vil seljast til fast pris, men som for Blokk A vil det være nokre få leilegheiter som leggjast ut på bod runde.
• Leilegheitene vil i første omgang bli tilbydd dei som står på interessentlista for prosjektet.
• Salsstart planleggjast til veke 15 – tidspunkt og opplegg meldast første dagane etter påske.
• Dersom pandemien tillèt det blir det fysisk salstart møte, i motsett fall blir det digital sal start og/eller ein til ein møter.
Prospekt: tryk her
Bustadveljar: tryk her
Bildegalleri – her blir det kjekt å bu
Vi i prosjektorganisasjonen ser verkeleg fram til også å koma i gang med Blokk B. Vi skal gjere vårt beste for at Lerum Brygge skal bli eit godt bustadprosjekt!
Avslutningsvis vil vi ønskje dykk ei god påske, vi får vona at det blir godt vêr og fint skiføre – prospektet får de kosa dykk med om kveldane😉!
For meir informasjon se lerumbrygge.no