Det nærmar seg salstart for Lerum Brygge
– Me har ei veldig stor interessent-liste for prosjektet, seier Leif Henning Øyre, prosjektleiar for Lerum Brygge.
– 550 interessentar står på lista og det er veldig bra til å vera ei bygd med Sogndal sin storleik. Desse vil få eit fortrinn ved at prosjektet i første omgang blir lagt ut for sal til dei. Sals-start vil vera i månadsskiftet juni/ juli.
Men også dei som ikkje står på denne lista kan melda si interesse, seier Øyre.
– Alle kan melda si interesse.
Byggjestart på seinsommaren
I samarbeid med Lerum Brygge planlegg Veidekke Eiendom å byggja 135 leilegheiter i ulike storleikar fordelt over fire blokker på kaien i Sogndal.
– Kva tid startar bygginga?
– Me håpar på byggjestart på seinsommaren ein gong, svarar Øyre, og legg til:
– Alle som er involvert i prosjektet gler seg stort til å koma i gang. Det er ikkje berre leilegheitene me skal selja men også det gode «livet» nede ved fjorden.
– Kva tid vil leilegheitene vera ferdige og innflyttingsklare?
– Nokon ferdigstillingsfrist er ikkje sett enno, men men byggetida vil være mellom 1,5 - 2 år.